Politiet i Sogn og Fjordane meldte ved 18-tida måndag om kaotiske tilstandar på fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Fleire bilar hadde snødd inne og vegvesen, lokalt politi og røde kors hjelpekorps arbeidde med å berge personane i bilane.

Bergens Tidende medler at totalt 36 personar var involvert og at desse nå er berga.

Vegen over Sognefjellet vart stengt like før klokka 14.00 måndag på grunn av uvêr.