Det er konklusjonen til Fylkesmannen i Oppland.

Det var i november 2017 at Lom kommune løyvde eit tilskot på inntil 1.000.000 kroner til Norsk fjellmuseum, fordelt på 400.000 kroner i 2017 og 600.000 kroner i 2018. Tilskotet skulle gå til utvikling av hovudutstillinga «Bergtatt» og minivitensenteret «Fjellviten». 14 kommunestyrerepresentantar røysta for forslaget, tre røysta mot.

Seinare same månad klaga tre medlemar frå Bygdalista vedtaket inn for Fylkesmannen. Klagarane meinte det ikkje var grunnlag for å gje støtte frå næringsfondet i denne saka, og peikte på to grunnar: At saksbehandlar og leiar av Norsk fjellsenter er omgangsvener og at saksbehandlar derfor er inhabil - og at tilskotet dessutan er i strid med reglane om næringsfond som seier at det ikkje skal utbetalast støtte til løpande drift eller rein utskifting av eksisterande maskinpark/utstyr.

Bygdalista får inga støtte frå Fylkesmannen.

– I samband med lovlegkontrollen har administrasjonen opplyst at det ikkje er grunnlag for påstanden om at næringssjef og leiar av Norsk fjellsenter er omgangsvener. Det er opplyst at administrasjonssjefen noterte seg påstanden om inhabilitet da saka vart behandla i formannskapet, og deretter gjorde undersøkingar av dette før saka vart behandla i kommunestyret. Fylkesmannen meiner at spørsmålet om habilitet vart utgreidd før saka vart behandla i kommunestyret og at dette ikkje lenger er nokor aktuell problemstilling. Fylkesmannen har ikkje avdekt andre feil i saksbehandlinga og konkluderer med at vedtaket har blitt til på lovleg måte, skriv Fylkesmannen og slår fast at vedtaket følgjeleg ikkje blir oppheva. Vedtaket frå Fylkesmannen er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fungerande ordførar Anne-Lise Marstein seier seg glad for at Fylkesmannen stadfestar at alt var på stell og at det ikkje var grunn til å mistenkje noko som helst.

– Og det visste eg frå før. Eg har full tillit til at administrasjonen i Lom kommune handterer regelverket etter boka. Det er brukt store ressursar på denne klagebehandlinga, både frå Fylkesmannen og frå administrasjonen i Lom kommune, tid som kunne blitt brukt på heilt andre ting. Det tykkjer eg ein skal tenkje på, seier Marstein.