Einar Plassen (94 år) og Ola Klepp (92 år), som den gongen var aktive i Skjåk og Nordberg hjelpekorps, hugsar godt hendinga. Dei var båe med på leiteaksjonen.
– Vi i hjelpekorpset delte oss inn i fleire grupper, hugsar eg. To og to menn fekk ansvar for å leite i ulike område. På det viset vart leitinga effektiv, og det gjekk ikkje lang tid før dei to karane vart funne. Det var Lars Brenna og Kolbjørn Storbråten som fann dei, fortel Einar Plassen.
Gløymer ikkje synet
Han kjem ikkje til å gløyme synet av dei to direktørane. Dei sat oppreist på kvar sin stein, nokre meter frå kvarandre. Framfor seg hadde dei ryggsekkane sine.
– Lokka på ryggsekkane var opne. Dei hadde nok teke seg ein matbit, eller kanskje hadde dei leitt i sekkane sine etter fleire klede. Dei var heilt sikkert svært slitne og kalde, og det å setja seg ned for å kvile... det gjekk ikkje bra. To liv måtte gje tapt for naturkreftene. Det var ei trist hending, seier Einar.
Budde på Grotli kvar påske
Halfdan Hansen (69 år) var direktør i forsikringsselskapet Hansa, medan Arne Boman Hansen (57 år) var medeigar og direktør i Continental. Dei var båe godt kjende i Skjåkfjella, faktisk hadde dei båe budd på Grotli kvar einaste påske i fleire år – og dei hadde gått turen frå Grotli til Sota seter mange gonger. Turen er lang å gå i eitt strekk, og det vart derfor teke initiativ til å samle inn pengar for å reise ei hytte om lag midtvegs mellom Grotli og Sota. Det var Halfdan Hansen som stod i spissen for dette arbeidet, i samarbeid med Den norske turistforening. Hytta fekk namnet Skridulaupbu. Det var i denne hytta dei to karane skulle «mellomlande», men så langt kom dei ikkje. Berre nesten. Dei vart funne om lag fire kilometer unna.
Dei vart åtvara
Vèret var ikkje så aller verst da Halfdan Hansen og Arne Boman Hansen tok fatt på skituren frå Grotli tidleg onsdag morgon. Sevald Grotli var den siste som prata med dei. Han åtvara karane om at det var meldt dårleg vèr. Halfdan Hansen hadde da svara: «Dersom det blåser opp, så kommer vi tilbake». Ut over dagen og natta vart vinden stadig sterkare, medan det torsdag vart skikkeleg ruskevèr og vindstyrke opp i full storm.
Laga to kjelkar
Å frakte dei to avlidne ut av området var hardt arbeid. I 1953 hadde ikkje Skjåk og Nordberg hjelpekorps snøskutarar.
– Vi laga to kjelkar av skia og stavane til dei to døde. Det gjekk fint. Vi var mange til å dra kjelkane, fortel Einar Plassen og Ola Klepp.
– Det måtte vera eit skremmande syn å finne dei to, sitjande på kvar sin stein, døde?
– Vi var førebudde på at vi ikkje kom til å finne dei i live, så det gjekk fint. Mest av alt var vi glade for at vi fann dei, slik at familiane deira fekk svar på kva som hadde skjedd, svarar Einar.
Lika vart frakta ned til Raudalsvatnet. I sørenden av sjølve vatnet ligg det eit stort damanlegg. Der måtte dei omkomne berast 366 trappesteg opp til Bråtå. Derifrå vart dei to døde henta med bil til Otta - og frakta vidare til Oslo med tog.
Lensmann Skamsar måtte snu
Aftenposten skreiv mykje om dei to direktørane frå dei vart sakna til dei vart funne. Blant anna intervjua hovudstadsavisa dåverande lensmann Nils Skamsar. Lensmannen fortalde at han sjølv var innover i Raudals-terrenget same dag som dei to direktørane gjekk frå Grotli.
– Eg starta frå Pollfoss for å gå til Skridulaupbua, men ved 14-tida måtte eg snu. Eg hadde ikkje att mange kilometer, men det var så sterk vind at det var umogleg å forsere seg fram. Det raste full storm frå sør og det var tett snøfokk, fortalde Nils Skamsar, som svinga av til høgre og gjekk den vanlege løypa attende til Grotli. På det tidspunktet var det ingen som tenkte på at dei to Oslo-direktørane ikkje hadde kome fram til Skridulaupbu. Det vart fyrst oppdaga neste dag, altså skjærtorsdag. Da gjekk lensmann Skamsar seg ein ny tur, nøyaktig same rute som dei to direktørane. Da han kom fram til Skridulaupbu forstod han at noko var gale da det var tydeleg at ingen andre hadde vore innom der.
Vemodig
Einar Plassen og Ola Klepp tykkjer det er rart å tenkje på hendinga med dei to direktørane. Det er rart å bla i gamle fotoalbum òg, tykkjer dei. Særleg blir Ola gripen av å sjå på gamle bilde frå leiteaksjonen og hjelpekorpsmedlemane.
– Det er vemodig å tenkje på at nesten alle som var med i hjelpekorpset den gongen er borte. Åra går så fort, sukkar Ola.
– Det er livet det, veit du, seier Einar.
Dei har mykje å prate om, og nye minne dukkar opp. Familiane til dei to direktørane uttrykte stor takksemd for innsatsen hjelpekorpset hadde lagt for dagen, dei var så glade for at dei døde vart funne og frakta ned att frå fjellet.
– Dersom eg ikkje hugsar feil, fekk hjelpekorpset eit walkie-talkie-sett frå den eine av dei to familiane, minnest Einar.
Ville helst dø i fjellet
Ola hugsar på si side at dotter til den eine av direktørane fortalde at det var denne måten far hennar ynskte å dø: Med skoa på, i naturen, i fjellet – og ikkje i ei sjukehusseng.
– Det tykte eg var fint sagt. Trass i at hendinga var vond og sår, var det på ein måte noko godt med det òg, når dottera uttrykte seg på den måten, seier han.
Spreke skiløparar i Bråtå
Det var i 1947 at Norges Røde Kors bestemde seg for å danne hjelpekorps som underavdelingar rundt om i landet. Målet var å verve friviljug ungdom for opplæring i fyrstehjelp ved ulykker og å organisere søk etter bortkomne personar i samarbeid med politiet. Det var enkelt å verve medlemar i til Nordberg Røde Kors Hjelpekorps, og spesielt god var interessa blant mange spreke skiløparar i Bråtå og nokre i Bismo. Med instruktørar frå Norges Røde Kors i Oslo og Lillehammer, kom dei snart i gang med kurs i Bismo – og i gang med øvingar i skog og fjell.
– Neimen om eg hugsar kor mange år eg var med i hjelpekorpset, men det vart nok ganske mange, minnest Einar, som er glad han fekk ytt ein innsats dei åra han var ung og sprek, som han uttrykkjer det.
KJELDER:
* Aftenposten/Arkiv
* Kvelds-seto
* Munnlege