Lalm samfunnshus var fullsett da Lalm musikkforening arrangerte julekonsert med kulturprisutdeling torsdag kveld.

- Samfunnshuset hadde ikkje sett slik ut utan kulturprisvinnaren, sa programleiar Gjermund Øihusom om innflyttaren frå Sarpsborg som er ein ressurs for Lalm.

Det var nettopp Rune Borgan Isaksen sitt brennande engasjement for lokalsamfunnet som var grunnlaget for at han er tildelt Vågå kommune sin kulturpris for 2016.

– Det er særleg samfunnshuset som har fått merke ditt engasjement. Her har du verkeleg teke tak og satt i verk tiltak som mange andre hadde trudd var uoverkommelege før dei starta. Du fekk tak i midlar, fekk på plass ein dugnadsgjeng og saman gav døkk samfunnshuset ei ny drakt, sa ordførar Iselin Jonassen til ein rørt prisvinnar.

Jonassen trekte fram at det har vore lagt ned 1.600 dugnadstimar på restaurering av samfunnshuset.

– Rune sin eiga innsats er på 450 timar, sa ordføraren til applaus frå publikum.

Iselin Jonassen framheva at Rune Borgan Isaksen på ein framifrå god måte har teke tak i identiteten og kulturhistoria på Lalm og gjeve det ein heidersplass i huset. Både historia til musikkforeininga, Bårstad, Eidefoss og klebersteinhistoria har fått sin plass på veggane

Ordføraren trekte også fram dei sterke tur og friluftsinteressene til prisvinnaren, som har resultert i eit turkart. Ho sa ho kunne nemnt mykje meir av det Rune Borgan Isaksen har gjort, men meinte at ein da hadde måtte utvida kveldens program med fleire timar.

– Du har gjort meir enn ein kan forvente. Du er verdiskaping i samfunnet i all den tid du bruker som friviljug. Kulturen, historia og du sitt i veggane her på samfunnshuset, sa Jonassen da ho delte ut prisen i form av diplom og sjekk.

Kulturprisvinnaren vart også gratulert av representantar frå Lalm musikkforening, styret i samfunnshuset, Lalm arbeidarlag og Lalm idrettslag.

Utdeling av kulturprisen fekk ei flott innramming av lokale musikk-krefter. Lalm musikkforening under sin dirigent Odd Ivar Svelstad stod som arrangør av kvelden i samarbeid med kulturkontoret i Vågå kommune.

Elles deltok 5Åver og Oda Kvehaugen, Trond Byre-Haakensen og Geir Byre, toradergruppa og tredjeklassekorpset frå Lalm skule.