Sist fredag vart turbinen i Midtre Tessa kraftstasjon slegen av og stoppa etter 65 års drift. Ein epoke var over.

Sett i drift 1953

Produksjonssjef for vasskraft i Eidefoss, Terje Sørlie, fortel at dei skal byggje om kraftstasjonen med utskifting av turbin, generator og nytt kontrollanlegg. Det vil også bli utskifting av stasjonstransformatoren.

Midtre Tessa kraftstasjon vart sett i drift i 1953. Turbinen og generatoren har vore i produksjon dei 65 åra som har gått sidan den gongen.

– Ut frå tilstandskontroll var det teikn på at ein måtte gjere noko. I verste fall kunne ein risikere havari, seier Sørlie.

Stopp i fire månader

Måndag denne veka starta demontering av turbin og generator. Sørlie fortel at arbeidet med demontering og montering av ny turbin og generator vil ta fire månader.

– Kraftstasjonen skal vere i drift att innan 1. juli, seier han.

For å gje plass til ny turbin og generator må ein pigge opp golvet i kraftstasjonshallen, og støype nytt fundament.

Det er Rudi og Skogum som har fått dette arbeidet, med Garmo maskin som underleverandør.

– Det er viktig å bruke lokal kompetanse, seier Sørlie.

Auke produksjon

Kraftstasjonen i Midtre Tessa har produsert 40 GWh. Ny turbin og generator vil auke produksjonen med fem prosent, til 42 GWh.

Det er selskapet Metalco som har arbeidet med demontering av turbin og generator.

Spetals Verk i Kongsvinger skal levere ny turbin og generator. Dei leverte også turbin til Smådøla kraftverk.

Strategiplan

Terje Sørlie fortel at dei forskjellige delane til kraftstasjonen kjem frå ulike kantar av Europa.

Generatoren kjem frå Spania, turbinen frå Italia og stengeventilen frå Polen.

Sørlie fortel at Eidefoss har ein langsiktig strategiplan som går fram til 2024.

I 2019 skal ein skifte ut turbin i aggregat 3 i Nedre Tessa, og i 2021/22 skal det utførast ein del arbeid i Eidefossen kraftverk.

Kraftstasjonen i Midtre Tessa stod ferdig og vart sett i produksjon i 1953. Foto: Arve Danielsen