AV SVEIN HALVOR MOE

Træff og KFUM/Oslo var ingen målestokk for dei sigersvante lomsjentene i dei to fyrste kampane. Det vart høvesvis 6-0 og 3-0 da dei møtte dei for fyrste gong.

Kolnes sto på motsett banehalvdel i den siste kampen. Det skulle vise seg at dei lei same skjebne som KFUM/Oslo og romsdalingane gjorde. Dei hadde meir enn nok med å forsvare seg, ettersom det stort sett var spel mot eitt mål. Anna Steinbakke og lagvenninnene køyrde over Kolnes og gav seg ikkje før det sto 4-0 i målprotokollen.

Dette inneber at Lom har til gode å sleppe inn mål så langt i turneringa. Laget som i fjor spelte seg heilt fram til kvartfinale i J14-klassa under Norway Cup, håpar det skal vera mogleg å kopiere den bragda i år

Anita Sandviken er lagleiar for J15-laget. Ho er klar på at det ikkje er nok å spele godt for å koma langt i Norway Cup. Det handlar også om å ha marginane med seg. I tette og jamne kampar er det ofte tilfeldigheiter som avgjer kven som går vidare. Spesielt når det er så stutte kampar og banekvaliteten er så varierande som på Norway Cup.

– Det er ingen ulempe for oss at kampane kjem tett, for jentene er godt trent og likar å spele kampar. Det ser også ut som dei taklar varmen, sa Sandviken da lokalavisa slo av ein prat med ho tysdag kveld.

Sandviken, trenarane og resten av støtteapparatet er godt nøgde med det som er prestert så langt i turneringa. Det er samhaldet, jamnheita og arbeidsmoralen som er lagets styrke.

Lom har også jenter som er i stand til å avgjere kampar på eigenhand. Ingrid og Rønnaug Sandviken kjem båe inn under denne kategorien. Båe har skåra flittig på Ekebergsletta, og på dei andre anlegga som blir brukt under Norway Cup. At Lom har fleire gode avsluttarar, gjer at dei har fleire strenger å spele på. J15-laget har også ei solid foreldregruppe i ryggen.

– Vi speler i J17-serien heime. Det inneber at stammen i laget må spele saman med jenter som er to år eldre, ettersom flesteparten i troppen er fødd i 2003, sa lagleiaren da den tredje strake sigeren var eit faktum tysdag.