Det seier Lena Jenny Melby. Saman med mannen Geir Ove Melby er ho arrangør av Countryfestivalen i Skjåk. Fredag 29. juni, under årets festival, tek arrangørane med seg delar av bandet «Hilljacks» til Skjåkheimen for å tilby bebuarane og brukarane ein smak av festivalen.
– Mange av dei som bur på Skjåkheimen har kanskje vore på countryfestival i Skjåk før i tida. Sidan mange av dei ikkje har høve til å reise på festival lenger, er det jo berre triveleg at vi kan kome til dei i staden, slik at dei på Skjåkheimen på denne måten får ta del i countryfestivalen, seier Lena Jenny Melby.
Konserten på Skjåkheimen vil bli ein intimkonsert der artistane vil by på flott og variert countrymusikk.
– Om dette blir ein suksess, har vi eit ynskje om at dette kan bli ein fast tradisjon under Countryfestivalen i Skjåk, seier arrangøren.
Det er nå att berre i overkant av to månader til årets festival på Skjåkøygarden i Nordberg. I alt skal 14 artistar frå inn- og utland spele på årets festival.