Skogen Bil vart i fjor merkeforhandlar av Citroën. Nå har dei også vorte merkeforhandlarar av det koreanske bilmerket Kia.

– Kva betyr det for Skogen Bil å bli forhandlar av enda eit bilmerke?

– Det betyr at vi får meir å vise fram, noko som vil dra meir folk til Vågå, seier dagleg leiar Ola Skogen.

Han fortel at etter dei vart forhandlar av Citroën, har dei fått kundar frå heile Nord-Gudbrandsdalen. Både dei som har kjøpt bil og som har bestilt service på bil dei allereie har.

Skogen Bil har så langt i år seld 30 nye bilar av merket Citroën. Salsvolumet er rekna til 40 nye bilar per år. Salsvolumet for Kia er 21 bilar i året.

Ola Skogen fortel at dei har tilsett ein person med bakgrunn i at dei nå blir Kia-forhandlar. Totalt er dei nå 15 tilsette.

Saman med bilseljar Magne Mork er Skogen glad for å få salet og service av Kia.

– Kia har blant anna bilar med firehjulstrekk, noko ikkje Citroën har, seier bilseljar Magne Mork.

Han trur den modellen som vil slå best an her oppi dalen er Kia Sportage med firehjulstrekk.

Skogen seier Kia er eit bilmerke som aukar. Importør Bertil O. Steen har sagt at Kia vil bli deira største merke om nokre få år

Til helga er det Traktorrock. Her stiller Skogen Bil med både Citroën og Kia.

Traktorrock blir Norgespremiere for Kia Niro, hybridbil med strøm og bensin. Kia Norge startar lanseringa av denne bilen den 22. august. I tillegg stiller dei med nye Citroën Jumper som skal lanserast i Norge den 30. august.