Laga frå Ottadalen leverte ein solid innsats i Norway Cup. Lom stilte med fire lag, Skjåk med to og Vågå eitt lag.

Lom J16 var klare for for A-sluttspelet og åttandedelsfinalen torsdag, der laget møtte Kolbotn.

– Jentene stod på og kjempa kampen ut, seier trenar og lagleiar Tor Olav Mundal. Lom låg under 2-0 ved pause og tapte kampen 6-0.

Lom G13 1 var klare for B-sluttspelet og kvartfinale torsdag morgon. Motstandar var Høybråten og Stovner. Lomværane møtte her eit betre lag og måtte gje tapt 1-3.

Lom J 14 tapte onsdag mot Lura i A-sluttspelet og var med det ute av årets Norway cup.

Skjåk/Lom G14 tapte 1-0 mot Grorud i A-sluttspelet og 32-delsfinale.

Vågå gutar 15-16 år gjekk vidare til B-sluttspelet og 32-delsfinale der dei tapte 1-4 mot Herd.

Gutar Skjåk/Lom 14 kom til 32-delsfinale i A-sluttspelet der dei tapte 0-1 mot Grorud.

Lom G13 2 tapte sluttspelet mot Skjåk G13 som gjekk vidare til B-sluttspelet og kvartfinale. Laget tapte her 2-3 mot Spydeberg.

Lom G13 1 spela torsdag kvartfinale. Foto: Kari Fjeld