Teatergruppa HotPot i Vågå har hatt suksess med sine førestillingar. Nå står Otta, Lom og Dombås for tur.

Hotpot er ei fleirkulturell kvinneteatergruppe med medlemmer frå Iran, Eritrea, Brasil, Afghanistan, Thailand og Norge, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Vågå kulturskule og flyktningtenesta.

Teatergruppa starta i 2014 med førestillinga «HotPot». På FN-dagen i 2015 vart førestillinga «Ein plass på benken» synt fram. Den fortel om flukta og reisa til eit framandt land og korleis det er å bli integrert i ei lita fjellbygd. Denne førestillinga vil teatergruppa nå syne fram på Otta kulturhus den 17. mars. Men det kostar å setje opp ei teaterførestilling.

Regionrådet har støtta tiltaket med 40.000 kroner til gjennomføring av tre førestillingar.

– Ved å vise fram ei slik førestilling vil forståinga og innsynet i fleire kulturer vere ein viktig bodskap til oss som tilhøyrarar, skriv regionsjef Ole Aasaaren. Han meiner dette er god integrering og inkludering.

Lions Club Vågå har også støtta teatergruppa med 5.000 kroner.

Regionsjef Ole Aasaaren i prat med Torunn Elise Kveen og Gro Dybvik i teatergruppa HotPot. Foto: ARVE DANIELSEN