Uno Løken er debattleiar når dei fire politiske partia i Vågå inviterer til ope debattmøte i Vågå Kulturhus torsdag kveld.

I panelet sit fyrste- og andrekandidatane frå partia.

– Vi gler oss på ein grundig debatt der viktige lokale saker som kommunereform, ikonpunkt Gjende, næringsutvikling, samferdsel og eldreomsorg vil vere tema, seier Mette Vårdal på vegne av arrangørane.

Det blir opna opp for spørsmål frå salen under debattmøtet.