Av Terje Lisødegård

Fyllekøyraren vart stoppa på riksveg 15 ved Bispen Camping i Bismo litt før klokka ni sist tysdag. Det viste seg at den polske føraren hadde 0,7 i promille i blodårene.

Det var ikkje kva som helst køyretøy polakken førte. Det var 17 meter langt og totalvekta var 14,5 tonn.

– Køyretøyet representerte eit stort faremoment i trafikken, og det er skjerpande for føraren, uttaler tingretten i Lillehammer. Både bilen og hengaren han køyrde, var polskregistrert.

Resultatet av rettsforhandlingane vart 15 dagar betinga fengsel og 7.000 kroner i bot. Polakken ba tynt om å få behalde førarkortet sitt, men det godtok ikkje retten. Lappen hans er beslaglagt i 15 månader, slik politiet kravde.

Sjåføren fortalde at han er gift og har tre barn i heimlandet, difor treng han førarkortet på grunn av jobben og inntekta. I heimlandet ligg løna på rundt 8.000 kroner, omrekna frå 3.700 polske zloty til norske kroner.