Korleis måler Meteorologisk institutt snø? Og kvar kan du finne desse målingane? Det er to måtar å måle snø på.

Snøen kan målast med ein snømålar som liknar på den ein brukar til å måle regn. Forskjellen er at snømålaren har vindvern rundt behaldaren. Likevel er snøen utfordrande å måle når vinden tar tak. Da fyk snøen rundt og opp i staden for å legge seg pent i målaren.

Snødjupnemålingane kan også vera utfordrande. Ein automatisk lasermålar måler snødjupna på akkurat den staden der målaren står. I tillegg finst det nokre manuelle målarar som fortsatt er i bruk. Meteorologisk institutt i Tromsø har ein slik målar.

Vil du vite hva snødybden er på ditt sted og om det er mer eller mindre enn normalt? Da kan du søke her.

Slik gjer du: Vel målestasjon ved å skrive inn eller klikk på stader i kartet. Når du finn stasjonen markert med ein blå markør, klikk på markøren for å få opp snødjupna. Klikk ein gong til på grafen for å sjå den og laste den ned i større format.

(Pressemelding)