Torsdag 2. februar vart den årlege ulykkesmarkeringa i regi av Innlandet fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) i samarbeid med Den Norske kirke og vertskommunen Lesja gjennomført.

I Noreg har ein eit mål om at ingen blir drept eller hardt skadd i trafikken.

Fylkesordfører Even Aleksander Hagen i Innlandet var tydeleg på at ein må fortsetja å jobbe mot visjonen om ingen drepte og hardt skadde i trafikken.

På landsbasis omkom 118 personar på vegane i Noreg i 2022, og 13 av desse omkom på offentlege vegar i Innlandet.

– Det understrekar ansvaret og at vi må forsterke innsatsen, sa fylkesordfører Even Aleksander Hagen i sin appell på ulykkesmarkeringa.

Hagen fremheva at den norske modellen, og summen av tiltak frå mange aktørar, blir sett på som nøkkelen for suksess på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Det vart også halde appellar om haldningar i trafikken og kor mykje omtanke betyr for dei som blir råka av trafikkdøden.