Lokalavisa Fjuken snurrar nå i gang ein massiv og spennande kampanje med fokus på det å handle lokalt.
«Lokalt» er namnet på kampanjen som er eit dugnadsprosjekt for å setja fokus på bruk av lokalt næringsliv og kva for ressursar som finst i nærmiljøet og i bygdene våre.
Kampanjen blir spesielt synleg gjennom ein «styla» bil som Fjuken skal bruke på oppdrag i Vågå, Lom og Skjåk. Bilen er også den store gulrota for folk som handlar i Ottadalen.
– Bilen, som er levert av Skogen Bil, er faktisk premie. Alle som handlar lokalt og deltek i konkurransen er med i trekninga om bruk av bilen i eitt år. «Postkassene» ein puttar kupongar i, er plassert rundt om i ulike butikkar i heile Ottadalen, fortel Helene Starheimsvik og Terje Randen i marknadsavdelinga i Fjuken.
Bilen er nå på plass – ein knall oransje Citröen C3 Aircross med «alt» av utstyr. Bilen kan bli din i eitt år, i heile 2019, om du handlar lokalt.
Bilen vart levert rett før helga, og nå vil han bli brukt som Fjuken sin «vaktbil» fram til trekninga i desember, og blir dagleg å sjå på kryss og tvers i Ottadalen.
Terje Randen frå Fjuken og Magne Mork frå Skogen Bil oppmodar om å handle lokalt, fylle ut deltakarkupongar, og bli med i konkurransen.
Vinnaren av eitt års bruk av ein Citröen C3 Aircross blir trekt i desember, blant alle som har lagt deltakarkort i postkassene som du finn rundt om i dalføret vårt. Kvar månad fram til jul blir det dessutan trekt ein vinnar av eit gåvekort på 1.500 kroner.
Sjå meir informasjon om kampanjen på nettsida ehandlalokalt.no
Her finn du også ei oversikt over alle butikkar og firma i Ottadalen som er med på kampanjen.