Er du ikkje abonnent, vil du etterkvart møte ein stengsel eller betalingsmur på mange av artiklane vi legg ut. Løysinga gjer også at meir innhald frå papiravisa vil bli lagt ut kontinuerleg bak muren, slik at abonnentar får tilgang så fort noko skjer.

- Vi er spente, seier redaktør Hans Erik Kjosbakken og håpar at alt vil fungere som det skal reint teknisk.

Redaktøren ventar at ein og annan vil reagere på at ein nå lukker heimesida.

– Likevel, vi tek betalt for papiravisa og må ta betalt for det vi leverer på nett. Fjuken er ei bedrift som er avhengig av inntekter, og eg veit ikkje om nokor bedrift som deler ut varene sine gratis, seier Kjosbakken.

Noko vil framleis vera ope for alle.

– Store hendingar, politisaker og viktig informasjon som må raskt ut, vil vi ikkje stenge, seier redaktøren.

eAvisa vil vera eit svært godt tilbod til abonnentane utanfor distriktet som i mange år ofte har venta til både fredag, laurdag og til og med måndag før Fjuken har vore i postkassa. Nå kan dei logge seg inn på datamaskin, iPad eller mobiltelefon og lese rykande fersk Fjuken litt utpå kvelden onsdag. Ein annan funksjon som mange nok vil finne tenleg er arkivet. Her kan ein bla seg gjennom tidlegare utgåver av lokalavisa og ved lanseringa finst det aviser for det siste året tilgjengeleg.- Vi arbeider med dette og etterkvart vil alt som har vore skrive i Fjuken si historie bli gjort tilgjengeleg her, seier ein oppglødd redaktør.

For å få tilgang til arkiv, eAvis og artiklar som ligg bak «muren» må vi ha epostadresse og eventuelt mobilnummer tilkobla i vårt abonnementsystem. Er du allereie abonnent på Fjuken gå inn her for å sende oss di epostadresse og mobilnummer. Er du ikkje abonnent enda - bli det her og få tilgang i løpet av nokre minutt.

Nå blir Fjuken tilgjengeleg i såkalla eAvis-format. Førebels så ligg det ut aviser attende til juni i fjor.