Av Ivar Teigum

Under messa skjærtorsdag 1696 skulle lomspresten magister Bent Friis forrette i Vågåkyrkja som vikar for Henning Munch. Kunstnarpresten i Vågå var døyande eller død. Derfor måtte lomspresten stille opp. Kaptein von Brűnech var tyskar og hadde hatt tilhald i Vågå i om lag fem år. Etter denne messa fann kaptein von Brűnech i Det nord-gudbrandsdalske kompani eit påskot til å saksøkje presten. Vitna som kapteinen mobiliserte, var personar som kjende seg provoserte framferda hans under nattverdsmåltidet, og av andre og vikarierande grunnar.

Forgjengaren hans, majoren Ole Brun, hadde også vore i klammeri med magisteren i Lom.

Under tingmøtet i Vågå den 11. mars 1697 stod gudstenesta skjærtorsdagen året før i sentrum. Det var vitna til kapteinen som skulle høyrast. 14 mann fortalde da korleis dei hadde opplevd lomspresten. Magister Bent hadde bore seg underleg åt, dei visste ikkje anten han var full, gal eller sjuk. Der han flytte seg omkring, vart han støtta av klokkaren og drengen sin. Heile tida stod ein stol klar som han sette seg på, tilmed da han skulle opp i preikestolen. Prestedrakta bar han utan messehakel heilt til det vart påtala frå kyrkjelyden.

Under nattverden starta han med å bera rundt disken med vin før han delte ut brødet. Da det vart påtala frå kyrkjelyden, skulda han på klokkaren: ”Den defvels Klocher giør mig gal i dag”. Aller helst måtte han vera full under gudstenesta, og saka var å sjå på som alvorleg. Etter lova skulle den presten som skjenkte vinen før brødet nektast å halde preike inntil saka var rapportert til prosten og han hadde godkjent forklaringa.

Framgangsmåten ved nattverdsgudstenesta var slik: Kyrkjelyden møtte til skrifte før sjølve høgmessa. Før brødet og vinen kunne delast ut ved altarringen, måtte nattverdsgjestene ha skrifta, og ha teke imot det som vart kalla avløysing for syndene sine frå presten. Skrifteritualet vart gjennomført gruppevis i sakristiet, så mange som det var plass til om gongen. Og på ein høgtidsdag som skjærtorsdag, var det mange som ville ta del.

Vi kan framleis studere denne skriftestolen i sakristiet i Vågåkyrkja. Var kyrkjesøkinga stor, måtte det bli mange puljer. Og ikkje kunne det bli lange synderegister å få framlagt. Og dei som var, måtte koma raskt utover bygda.

Det neste tingmøtet i Vågå der denne saka var oppe, vart sett den 31. mai 1897, og nå var det presten sine vitne som stod for tur. Dei var 11 frammøtte, alle hadde vore til skrifte på skjærtorsdagen året før. Mellom dei var fire kvinner, og alle var samstemte. Magister Bent hadde overnatta i prestegarden i Vågå. Om morgonen hadde prestekona Anne Glostrup bede tenestejenta gå opp til gjesten med eit beger brennevin. Men han kjende seg sjuk og ville ingenting ha. Til skrifte var det mykje folk som møtte, og presten måtte be mange vente til andre påskedag, for da ville han få assistanse. Derfor vart gamle og langvegsfarande prioriterte. I skriftehuset klaga han over kor svak han kjende seg.

Vitna drog fram dette til forklaring på at han hadde vore indisponert under altartenesta og preika. Elles var dei godt nøgde med han. Kristoffer Fellese hadde fått spørsmål om han ville hjelpe presten med hest og kar slik at han kom seg heim til Lom snøggast råd nå som isen på Vågåvatnet var utrygg. Elles hadde bøndene skyssplikt ved slike høve. Ein annan mann lovde magister Bent fersk fisk som skulle bli send med postguten. I Vågå prestegard etter messa hadde lomspresten framleis ingen mathug.

Kaptein von Brűnech hadde ni nye vitne under høyringa i Vågå, men dei kunne ikkje anna gjera enn stadfeste det som alt var kjent. Etter vitnemåla til dei som var skrifta og som hadde sett kor indisponert magister Bent var, gav ikkje lenger drukkenskap eller galskap ei rimeleg forklaring på den ureglementerte framferda hans.

I Ottadalen har vi fleire døme frå denne tida på at prestane og offiserane ikkje stod på det same ordet. Eitt stridsemne galdt finansieringa av soldathaldet frå gardane i bygda. I Vågå åtte Lomskyrkja garden nordgard Valle, og lomspresten gjorde det han kunne for å unngå denne kostnaden.

Bent Friis hadde vore prest i Ottadalen i mange år liksom far hans før han. I bygdeboka for Skjåk kallar Hans P. Hosar magister Bent ein grisk entreprenør. Og han kunne vera ein beintfram valdeleg innkrevjar. Det handla om avgifter han hadde krav på, og som han sjølv var ansvarleg for å krevja inn. Vitnemål om tiendinndrivinga der bøndene fekk bøye seg, fortel om lov og brutal maktutøving, men også om måtar bøndene kunne vise ein seig uvilje på mot ein einsleg embetsmann i fjellbygda.

Som vikarierande sjelesørgjar og skriftefar i grannesoknet kunne Bent Friis på den andre sida få den skriftesøkjande allmugen på si side anten det var på grunn av frykt for Herren eller av samhug med ein gamal mann. Derfor kunne han feile og bera seg underleg åt under messa på sjølvaste skjærtorsdag utan å misse andlet. Magister Bent sjølv kjende seg likevel utrygg. Den 5. juni 1697 søkte han stiftamtmannen om juridisk hjelp i Christiania dersom saka vart førd vidare av kapteinen. Søknaden var grunngjeven med sviktande helse. Men amtmannen følgde opp med blankt avslag slik han hadde gjort ein gong før. Dette fekk presten og kapteinen ordne opp i sjølve.