Mari Haugen frå Lom og Solveig Snerle frå Lalm har båe vakse opp på gard og er vande med ting som durar. Mari går læretida si hjå Mjøsbil avdeling Vågå og Solveig på Skogen Bil. Nå håpar dei at dei får fast arbeid hjå lærebedriftene sine. Foto: Arve Danielsen

Mari og Solveig bestod fagprøve som bilmekanikarar: Draumejobben er å «skruve» på bilar

Mari Haugen frå Lom og Solveig Snerle frå Lalm likar å skru på bilar og har eit godt grep om fastnøkkelen. Nå har dei tatt fagprøve som bilmekanikarar som lærlingar ved kvar sin bilverkstad i Vågå.