Ane fekk tak i katten Lille My rett før ho starta opp med behandlingsopplegg for kreften i haust. Etter at ho gjekk over frå stråling til cellegift, har ho endeleg fått tid til å kose med sin nye firbeinte ven. Mykje av tida går med til å slappe av, da kampen ho kjempar tærar på. Foto: Kari Margot Odnes

Inga sjølvfølgje å få feire jul for Ane

Ane Svare Hovde frå Vågå feira nyleg 30-årsdagen sin. Midt mellom to behandlingar for kreftsvulsten som ho har hatt i hovudet i mange år. Framleis har ho håpet, og er takknemleg for å få feire jul i år òg.