Resultata frå torsdagens solist-tevlingar under Landsfestivalen i gammaldansmusikk er klare, og vart kunngjort torsdag ettermiddag.

Blant dei 15 finalistane som skal opptre i Kulturstugu i Utgard torsdag kveld, er seks av finalistane ottadølar.

Her er torsdagens finalistar (finalistane står oppført i trekt rekkefylgje i dei ulike klassene):

Solo durspel junior:

Tor Nythun – Vårflaumen spel- og dansarlag

Even Offerdal Bakken – Lom spel- og dansarlag

Vegard Thon – Etnedal spel- og dansarlag

Solo durspel senior:

Ole Nilssen – Hedmark folkemusikklag

Sindre Fotland – Osterøy spel- og dansarlag

Kristin Gravaune – Oppdal spel- og dansarlag

Øyvind Sandum – Vågå spel- og dansarlag

Solo andre instrument senior:

Øyvind Sandum – Vågå spel- og dansarlag

Ole Nilssen – Hedmark folkemusikklag

Ronny Kjøsen – Søndre Trondhjems spellmannslag

Mads Erik Odde – Lom spel- og dansarlag

Solo fele/ hardingfele senior:

Alexander Aga Røynstrand – Hardanger spelemannslag

Bjørn Kåre Odde – Lom spel- og dansarlag

Ingrid Schei Stuhaug – Gamlebanken spelemannslag

Aslak Opsahl Brimi – Lom spel- og dansarlag

Finalen for solistane startar klokka 20.00 torsdag kveld, og NRK overfører finalen direkte på nett-tv.

Kven som blir nummer éin, to og tre i finalen blir ikkje kunngjort før Meisterkonserten sundag.

Øyvind Sandum i Vågå spel- og dansarlag fekk to plassar i solist-finalen. Foto: Tom Erik Solstad
Bjørn Kåre Odde frå Lom spel- og dansarlag fekk finaleplass. Foto: Tom Erik Solstad