Vegen mellom Geiranger og Langvatn er nå bar, og klokka 12.00 tysdag opna Statens vegvesen fylkesvegen.

Det er meld dårlegare vêr og mykje nedbør att til kvelds, noko som fører til at vegvesenet kjem til å stenge vegen att for natta, klokka 22.00 tysdag kveld.

Ny vurdering om opning blir gjort onsdag morgon.

Det er i fylgje vegvesenet ikkje tilrådeleg å køyre med sommardekk eller motorsykkel på føret slik det er nå. I periodar har vinden gjeve så mykje snøfokk at det ikkje har vore sikt i det heile teke for Statens vegvesen og Veidekke sine mannskap på staden.

Fylg med på Statens vegvesen sine nettsider for oppdaterte trafikkmeldingar.