– Albumet vart lansert i fjor, og fleire tyske arrangørarar kom med førespurnad om konsertar etter å ha høyrt oss på Folkelarm hausten 2014. Vi forstod allereie då at vi ikkje hadde kapasitet til å ta med Tyskland i planane for lanseringa i 2015, men nå, nesten eit år etter, er det svært kjekt å kunne møte denne etterspurnaden, seier Bjørn Kåre Odde.

Garmoguten Bjørn Kåre Odde har dei siste åra vore vikar i Majorstuen ved fleire høve, men nå har han gått inn som fast medlem i ensemblet. Bjørn Kåre er spent på kva felespelet hans kan tilføre Majorstuen, og fortel at han alltid har sett opp til ensemblet.

– Eg har erfart at dette er svært profesjonelle folk som er lette å samarbeide med. Eg gler meg til vegen vidare. Majorstuen vart starta da eg var ti år, og eg høyrde mykje på dei gjennom heile tenåra. Du veit, medan alle venene mine hadde store plakatar av Spice Girls, så hadde eg Majorstuen på veggen, ler Bjørn Kåre.

Det var ikkje tilfeldig at Majorstuen fekk med seg Bjørn Kåre på laget.

– Han har vore ein draumevikar. Vi såg fort at han var ein ressurs vi gjerne ville ha med oss vidare. Bjørn Kåre er ein fantastisk felespelar og dyktig arrangør som alltid har en småfrekk replikk på lur. Dette gjer at han passar perfekt inn i Majorstuen, seier produsent og dagleg leiar Synnøve S. Bjørset.

Majorstuen har tidlegare spelt berre ein konsert i Tyskland. Det var på den store folk/world-festivalen TFF Rudolstadt i 2007.

– Det krev satsing over tid å byggje ein marknad. Vi kjenner at det fyrst nå er rett tidspunkt for å vende blikket mot Tyskland. Vi må starte i ein ende, og denne turen blir nok på mange måtar retningsgjevande for vidare arbeid mot denne marknaden, seier Bjørset.

Majorstuen, som har Bjørn Kåre Odde på laget, vender nå blikket mot Tyskland Foto: Marius Bech Dahle