Naudetatane i Ottadalen vart sett på prøve da alarmen for den realistiske øvinga gjekk.

Enkelte involverte visste kva dei skulle ut på, men for dei fleste var det som møtte dei på «ulykkesstaden» i Nordberg i Skjåk ukjent.

Mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen fekk testa både kompetanse og utstyr. Det same fekk lege og ambulansepersonell. For to av politibetjentane var òg scenarioet ukjent, også dei takla rollene godt. Pressa vart «informert om omfanget», men fekk klar melding om å halde seg på avstand.

Slike realistiske øvingar er tenlege å gjennomføre i tilfelle ei større ulykke skjer. Dei fleste involverte meiner dette ikkje er eit spørsmål om viss, men om når.