Kulturprisen går til Arne Stasviken og kulturstipend til Andre Nesset.

Arne Stasviken får Vågå kommune sin kulturpris for 2014. Han har ei imponerande karriere i musikklivet i Vågå, og er aktiv i både Vågå musikkforeining, trekkspelklubben og Vågå spel- og dansarlag. Han er med arrangementskomiteen for Vågå-dågå i år og sit i hovudkomiteen til Landskappleiken i Vågå i 2016.

André Nesset har sett tydeleg preg på musikklivet på Lalm som utøver i Lalm musikkforeining. Etter å ha vore trommeslager i Gardemusikken, starta han trommegruppa Creo som med presis rytmikk og leikande spel har vorte eit ettertrakta innslag på konsertar og arrangement.

Kulturpris og –stipend blir delt ut under Vågå-dågå, på scena ved kommunehuset laurdag 13. juni.

André Nesset får kulturstipend. Her i aksjon med trommegruppa Creo. Nesset står som nummer tre frå høgre. Foto: Arve Danielsen