Det var operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt som kunne melde at eit turfølge på fire personar fekk hjelp til å ta seg ned frå fjellet fredag kveld. Turfølget var på fjelltur over Besseggen mot Memurubu.

– Dei har dårleg vêr i mørket og har sein framdrift. Luftambulansen har gjort eit forsøk på å ta seg inn, men måtte snu på grunn av vêret. Bakkemannskap frå Røde Kors er varsla for å ta seg inn til turfølget og hente dei ut, opplyste politiet ved 21-tida fredag.

Rett før midnatt kan operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyse at dei fire personane, som alle er danskar i 20-åra, har kome seg ned til Memurubu.

– Røde Kors og Gjendebåten har skyssa dei attende til Gjendesheim. Alt ok med dei fire, melder politiet.