– Det generelle bålforbodet, som gjeld frå 15. april til 15. september, betyr at det er forbode å tenne bål, eingongsgrill, bålpanner og annan open eld i skog og utmark. Det er likevel lovleg å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann, men vi oppmodar alle til å vera ekstra forsiktige, særleg i område der det har vore lite nedbør. Er du usikker, bør du ta kontakt med lokalt brannvesen, seier administrerende direktør i Brannvernforeningen, Rolf Søtorp, i ei pressemelding.

Den som tenner bål, er sjølv ansvarleg for å sløkke det heilt og rydde opp etter seg.

– Ta heller med varm mat på termos enn å risikere å starte brann ute i naturen. Det er viktig å ikkje belaste brannvesenet unødig, og brot på regelverket kan straffast med bøter, seier Søtorp.

Klimaendringar har ført til at skogbrannsesongen kan strekke seg langt utover perioden for det generelle bålforbodet, og det har allereie vore ein rekkje grasbrannar i 2024.

På bakgrunn av dette kan norske kommunar difor innføre forbod mot å gjera opp eld når som helst i løpet av året, også utanom perioden for bålforbodet. Dette kan kommunane gjera når brannfaren er spesielt stor.