Det er snart desember og adventskalendertid. Også i år vil Fjuken gjeva lesarane ein eigenprodusert videokalender på Fjuken-TV.

«Fjukens Nissorama» er namnet på årets kalendermoro på fjuken.no.

Vi har utstyrt 24 ottadølar med kvar si nissemaske og kostyme. Kvar dag i perioden 1.–24. desember vil vi presentere ein ny «nisse», som må svare på nokre spørsmål, og koma med nokre korte hint om seg sjølv.

Sjåaren si oppgåve blir å finne ut kva for ein ottadøl som gøymer seg bak nissemaska, og sende inn svar til redaksjonen, anten på e-post til konkurranse@fjuken.no eller på SMS til telefonnummer 97065025.

Eit «ekspertpanel» beståande av to gamle kjenningar blir også med på gjettinga i episodane - til både forvirring og meir forvirring ...

Svarfristen blir ved midnatt, for kvar nye episode vil byrje med «avmasking» av gårsdagens nisse i kjent «Maskorama»-stil. Kvar dag trekkjer vi ein vinnar blant alle med rett svar som får ei førjulspakke frå Fjuken.

Gled deg til 1. desember - og resten av dagane fram til jul på Fjuken-TV.

Fekk du forresten med deg fjorårets adventskalender? Her kan du sjå alle 24 episodane av «Fjuken-nissens og Sørøvrens juleverkstad»: