Det viser ulykkesstatistikken til Statens vegvesen.

15 personar mista livet på norske vegar i juli. Dette er fire fleire enn i fjor.

- Sommaren er høgsesong for alvorlege trafikkulykker, og vi oppmodar alle til å vera ekstra merksame i trafikken når vi nå går inn i den siste sommarmånaden, seier direktør Nils Karbø i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Så langt i sommar - i juni og juli - har 27 personar omkome i trafikken, viser Statens vegvesen sine tal. Det er to færre enn i fjor. I 2022 omkom 47 personar i sommarmånadane juni, juli og august.

I tre av dødsulykkene omkom to personar. Av dei totalt 12 ulykkene skjedde éin i Innlandet.

Så langt i år har 67 personar omkome i trafikken. Det er to fleire enn på årets sju fyrste månader.

Nesten halvparten av alle dødsulykkene hittil i år har vore møteulykker. 30 av dei 67 omkomne har omkome i ei møteulykke. Åtte av dei omkomne i juli månad døydde i møteulykker.

– Møteulykker har ofte samanheng med uoppmerksemd bak rattet. Vi ber alle trafikantar om å vera skjerpa når ein køyrer bil, seier Karbø.

Talet på omkomne motorsyklistar er nesten halvert. I 2022 omkom 17 motorsyklistar frå januar til og med juli. Så langt i år har ni motorsyklistar omkome på vegane.

Innlandet og Nordland er hardast råka så langt i 2023, med høvesvis 11 og 10 omkomne. Viken, Rogaland og Trøndelag følgjer tett på med 9 omkomne. Fylka med færrast dødsulykker er Agder og Møre og Romsdal med 3, og Vestfold og Telemark med 2 omkomne. Det er ingen omkomne i trafikken i Oslo så langt i år.