AV TERJE LISØDEGÅRD

– Eg er svært godt nøgd med meisterskapen. Alle øvingane klaffa ikkje 100 prosent, men alt i alt er eg svært glad, sa Linn Smedsmo etter at gullmedaljen var på plass rundt halsen.

Den 14 år gamle fjordhingsten Hermanto er Linns yndlingshest. Samspelet mellom dei to er resultatet av langvarig trening og atter trening.

– Eg er vakse opp med hest heime i Vågå, så det kunne ikkje bli anna sport for meg, seier Linn, som hadde med både mor og far til Stav. Linn konkurrerer for Stav køyre- og rideklubb på Stav, og er derfor lommekjend i dei omgjevnadene og moglegheitene som finst i klubben.

Nå vann ikkje Linn berre totalmeisterskapen for junior. Den lovande rytterjenta vart i tillegg grenmeister i køyring, øvinga sprang.

Også ei anna ottadalsjente gjorde sine saker bra under NM for fjordingar. Anne-Mette B. Kolden frå Lom og Jotunheimen køyre- og rideklubb tok ein kjempefin tredjeplass i ei av sprangklassene.

Meisterskapen for fjordingar gjekk føre seg over ei heil veke.

Linn og Hermanto elegant over hekkane på Stav laurdag. Foto: TERJE LISØDEGÅRD