Lom og Skjåk brannvesen rykka tysdag ettermiddag ut til ein brann i ein låve i Kollavegen i Lom.

Operasjonssentralen ved Gudbrandsdal politidistrikt meldte klokka 19.40 at brannen er sløkt.

Låven er brent ned. Det er skade på eit stabbur, men våningshuset er berga.

Det blir halde vakt på brannstaden.

Ingen dyr eller personar er skadd i brannen.