Ein lang debatt, inkludert gruppemøte, vart avslutta med å votere over ulike forslag til støtte av reiselivet.
Senterpartiet foreslo å løyve 500.000 kroner til Jotunheimen Turistinformasjon (JT) for at selskapet skal etablere turistinformasjon på Coop Mega i Lom. Dette vart vedteke mot fire røyster. JT hadde søkt om 590.000 kroner.
Norsk Fjellmuseum, som hadde søkt om 300.000 kroner for å halde fram med å drive turistinformasjon, fekk ikkje gjennomslag for søknaden sin. Seks stemte for å løyve pengar til fjellmuseet. Turistinformasjonen i Lom har i fleire år hatt tilhald i fjellmuseet.
Eit forslag frå Senterparti om å setja av 250.000 kroner som kan nyttast til tenestekjøp frå Nasjonalparkriket Reiseliv, - på vilkår, vart òg vedteke - mot tre røyster.
Les meir om debatten i kommunestyret i Fjuken neste torsdag.