Klokka 06.45 fredag morgon vart det funne eit rådyr i vegkanten nord for idrettsplassen på Lalm. Vedkommande som fann dyret, varsla politiet, som igjen varsla viltnemnda.

Da personen frå viltnemnda kom til staden 15 minuttar seinare, var rådyret borte.

Politibetjent Roger Haugen ved Ottadalen lensmannskontor fortel at det var tydelege spor av at rådyret var slept bort til ein bil.

Det er mistanke om at det er tjuvjakt det her er prat om. For det er ikkje fyrste gongen dette skjer i området rundt idrettsplassen og industriområdet på Lalm.

I følgje politiet og ein person i viltnemnda som Fjuken har prata med, vart det før jul funne spor etter ammunisjon som gav klart bevis for tjuvjakt på rådyr.

Grunneigar i området, vil melde saka til politiet.

– Vi er interessert i å høyre frå folk som har sett eller høyrt noko i området rundt idrettsplassen eller industriområdet på Lalm, seier Haugen.

I oktober i fjor vart det også funne ein hjort på Vågåruste som var skote. Også det er meldt til politiet som tjuvjakt.

Før jul vart eit rådyr skote her i ljosløypa. Foto: ARVE DANIELSEN