Ingen vart tekne av snøraset som gjekk ved Byrbergtunnelen på grensa mellom Lom og Vågå sundag ettermiddag.
Raset gjekk mellom klokka 17.30 og 18.00.
– Etter det vi har fått fortalt har raset gått på same stad som laurdag. Førebels veit vi ikkje så mykje om omfanget. Inntil vidare er riksvegen heilt stengt, sa trafikkoperatør Turid Nyman på Vegtrafikksentralen Øst til Fjuken rundt klokka 18.
Rett før klokka 18.30 fortel trafikkoperatør Mette Brunes at vegen er opna att og at det er innført manuell dirigering.
– Raset var ikkje så stort som i går. Mesta vil nå utføre manuell dirigering, i fyrste omgang fram til klokka 20.00. Da vil det bli teke ei ny vurdering. Men slik situasjonen er nå, er det vurdert som trygt for trafikken å passere rasområdet, seier Brunes.
Også Solsidevegen (fv468) er opna att. Fylkesvegen vart stengt på same tid som riksvegen for å unngå same trafikale problemar som laurdag.
Det er ikkje lenger enn litt over eit døgn sidan det gjekk snøras ved Byrbergtunnelen.