Det vart det prata om i formannskapsmøtet i Skjåk tysdag. Marlo skule skal leggjast ned, og mange undrar seg over kva som da vil skje med grendahuset.
Ordførar Elias Sperstad fortalde formannskapet at han har hatt møte med styret i Marlo grendahus.
– For nokre år sidan vart det arbeidd med ein kulturhusplan i Skjåk, men denne stranda litt av seg sjølv. Nå er tankane om kulturstugu trekt fram att, men i så tilfelle må det gjerast noko med bygget. Det er gamalt, frå tidleg 60-tal, og eigentleg ikkje brukandes. Styret har sett på kor mykje det vil koste å skifte alle glasa, leggje nytt golv i storsalen og veslesalen, byggje ny scene og setja inn teleskoptribune. Dersom Marlo grendahus skal rustast opp til å bli eit funksjonelt kulturhus, er kostnadsoverslaget røft rekna til om lag 3 millionar kroner, orienterte Sperstad.
Han slo fast at dette er ei sak politikarane må koma attende til.
– Dette er sjølvsagt eit kostnadsspørsmål, men samstundes veit vi det er ynskje om eit kulturhus i bygda, sa han.