Det opplyser Bane NOR i ei pressemelding.

Jernbanebrua ved Ringebu, Randklev bru, vart påført store skader under ekstremvêret «Hans». Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eitt av brufundamenta velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva.

Dovrebanen har vore stengt i området sidan hendinga, og det er buss for tog.

Bruelementa vart heisa på land i slutten av oktober. På oppdrag for Bane NOR har Rambøll Norge AS gjennomgått båe bruelementa og kartlagt skadeomfanget.

Rapporten avdekkjer skader i eit avgrensa omfang, og skadene er i hovudsak lokalisert i kvar ende av bruspenna.

Reparasjon vil i hovudsak skje gjennom utskifting eller retting av delane som er deformert.

Bruelementa har fleire mindre skader som må reparerast. Foto: Rambøll Norge AS

I tillegg til reparasjon av bruelementa, opplyser Bane NOR at det velta fundamentet må erstattast. Det meste av dette er nå fjerna, og entreprenør er nå i gang med førebuingane til bygging av nytt fundament.

– Slik det ser ut nå kan vi frakte personar og gods klima- og miljøvenleg med tog gjennom Gudbrandsdalen att i løpet av våren, opplyser Bane NOR.

Konsernsjef i Bane NOR, Thor Gjermund Eriksen, er glad for at skadene er i eit så avgrensa omfang at det ikkje vil ta altfor lang tid før toga kan trafikkere på Randklev bru att.

– Dette er svært gode nyheiter for passasjerane, vareeigarane som fraktar gods, og oss. At vi kan gjenbruke elementa vil bidra til at vi raskare kan opne Dovrebanen for gjennomgåande trafikk enn om vi hadde måtte byggje ei heilt ny bru, seier konsernsjefen, og legg til:

– Sjølv om vi nå jobbar på høggir for å gjenopne brua, vil dette arbeidet ta tid. Førebels ser det ut som at tidsplanen kan overhaldast.

Konsernsjef i Bane NOR, Thor Gjermund Eriksen, ser fram til å få opna Dovrebanen att ved Ringebu. Foto: Kirsten McDonagh/Bane NOR