Det er nettselskapet SkiakerNett som måndag melder at det blir to straumutkoplingar i Bismo tysdag 14. november, i samband med høgspentarbeid.

Straumutkoplingane gjeld kundar i Skamsarvegen, Måsåvegen, Furuvegen, Bispevegen og Strandvegen. SkiakerNett opplyser at det er sendt ut tekstmelding til kundane det gjeld.

Det blir utkopling av straumen klokka 08.00–09.30 og cirka klokka 13.30–15.00.

– Nettet er å sjå på som spenningsførande under utkoplingstida. Vi beklagar eventuelle problem dette vil medføre, heiter det i driftsmeldinga frå nettselskapet.