Det er Astrid Brobakken AS som står for bygginga av leilegheitene på eigedommen Bjørkmo som ligg nedanfor ungdomsskulen. Det gamle tømmerhuset som står der i dag skal rivast.

Astrid Brobakken og Finn Sandbo har teikna leilegheitene sjølve, og det er Brun Bygg som skal setje opp bygget.

Det nye bygget som skal førast opp inneheld to leilegheiter i fyrste etasje og tre i andre etasje. Kvar leilegheit er på cirka 75 kvadratmeter. Leilegheitene i fyrste etasje vil bli tilrettelagt for bruk av rullestol.

Det er planlagt to parkeringsplassar per bueining; fem plassar i felles garasjeplass i carportanlegget i fyrste etasje og fem plassar ute.

Leilegheitene er lagt ut for sal og paret Brobakken og Sandbo er spent på marknaden. Prisen per leilegheit er sett til 2.190.000 kroner.

Fire av dei fem leilegheitene må seljast før ein set i gang bygginga.

– Vi håpar å stikke spaden i jorda til våren, seier Astrid Brobakken.