Klokka 11.56 tysdag fekk politiet melding om ein personbil som køyrde riksveg 15 i retning Otta med høg fart og punktert hjul.

Køyreturen enda vest for Otta der politiet stod og venta. Den kvinnelege bilføraren frå distriktet blir nå meldt for aktlaus køyring.

Bilen vart avskilta på grunn av manglande forsikring, årsavgift og EU-kontroll.