Mange ottadølar sat måndag kveld spente framfor datamaskinen for å følgje direktesendinga frå Alaska der vagværen Dennis Risvoll var einaste norske køyrar i fjerde rennet i World Freeride Tour som gjekk av stabelen i Haines.

Sendinga braut saman og spenninga var stor om korleis det gjekk med Risvoll.

– Eg skulle gå mykje større, men bomma litt på lina. Eg skulle halde lengre til høgre, men endte opp i eit hav av skavlar der den siste vart for mykje, seier Dennis Risvoll til Fri Flyt.

Risvoll kom på 11. plass med fall. På førehand var det bestemt at dei tolv beste ville gå vidare til finalen i Verbier i Sveits den 2. april.

– Eg kjem ikkje til å vinne samanlagt, så nå har eg ingenting å tape. Det blir anten show, eller å vinne heile Verbier, seier Risvoll.