Hjelpekorpset har kontakta kommunen og spurt om dei kan vera interessert i å overta eigedomen. Føresetnaden er at kommunen kan hjelpe dei med å skaffe andre lokale.

Eigedomen vart etablert i 1948 og er på om lag 2,1 dekar. Tomta ligg i Bismo sentrum og er regulert til forretningsføremål. På tomta står den tidlegare verkstaden til Skjåk autoservice med eit areal på om lag 520 kvadratmeter. I andre etasje er det ei leilegheit over delar av bygget. Hovudbygget er oppført i 1949.

Saka blir lagt fram for formannskapet i Skjåk fyrstkomande tysdag. Rådmannen er positiv.

– Det er ikkje noko mål at kommunen skal vera eigar av tomta i framtida, men dersom ein kan sikre seg råderett nå, vil det vera enklare å styre kva tomta skal nyttast til framover, heiter det i saksutgreiinga.

Rådmannen ber kommunestyret stille seg positive til å overta eigedomen, og ber om å få fullmakt til å føre forhandlingar med dagens eigar.

Hovudbygget vart oppført i 1949. Foto: VIGDIS KROKEN