Fleire skjåkværar har vendt seg til Fjuken laurdag, med tips om det dei meiner må vere ein husbrann i Reppen i Skjåk, etter at dei har sett kraftig røyk stige opp mot himmelen.

Det er rett at det brenn i eit bustadhus, men det er ikkje noko dramatisk brann det er prat om.

Brannen er rett og slett påsett av Lom og Skjåk brannvesen, som har ei brannøving saman med andre instansar i eit bustadhus på Bakke i Reppen, Skjåk solside.

Det er altså prat om ei kontrollert nedbrenning, og ingen grunn til å vere uroa.