Nokre av Turistforeininga sine hytter har hatt tidenes beste sommar i år. Dette til trass for at det var mykje betre vêr i fjor sommar.

– Snøen i fjella i vest har påverka tala, men det har samstundes ført til at fjellturistane har valt andre fjellområde, fortel generalsekretær i Den Norske Turistforeining, Nils Øveraas, i ei pressemelding.

Mange av hyttene i Telemark, Oppland og Hedmark har hatt besøksrekord i juli. Og sjølv om det har vore mykje fokus i media på snø som smeltar seinare enn vanleg, ser fjellturistane at det er bart i mange fjellområde.

Gjendesheim Turisthytte som ligg plassert ved foten av Besseggen i Vågå er blant DNT-hyttene som har hatt størst auke, samanlikna med tal frå fjoråret. Gjendesheim har hatt ein auke på 6,6 prosent med sine 5.495 besøkande i juli.

– Det er utruleg flott i fjellet nå, med grøne dalar og kvite toppar i det fjerne. Mange ventar med fjellturen til august, for da har det tørka opp meir. I fjellet speler ikkje temperaturen så stor rolle. Ein blir varm når ein går uansett, seier Nils Øveraas i Turistforeininga.

Desse DNT-hyttene har auka mest, samanlikna med tal frå 2014:

Mogen (Hardangervidda): +30,77 prosent (1.235 besøkande i juli)

Liomseter (Langsua): +31 prosent (1.103 besøkande i juli)

Svukuriset (Femundsmarka): +24,4 prosent (709 besøkande i juli)

Bjørnhollia (Rondane): +20,6 prosent (2.061 besøkande i juli)

Kalhovd (Hardangervidda): +14 prosent (1.692 besøkande i juli)

Gjendesheim (Jotunheimen): +6,6 prosent (5.495 besøkande i juli)

Grimsdalshytta (Rondane): +3,7 prosent (1.305 besøkande i juli)