Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal har sendt brev til politimeisteren i Innlandet der dei ber han om å revurdere avgjerda om sentralisering av utlendingssaker. I ny politiorganisering vil utlendingssaker bli behandla på Gjøvik, Lillehammer eller Hamar.

– Vi ber primært om at det vidareførast ein kompetanse og eit tilbod i Nord-Gudbrandsdalen, ved til dømes at to tilsette dekkjer dette saksfeltet, skriv regionrådet til politimeisteren, og trekkjer fram at ei sentralisering vil bety dårlegare service for enkeltpersonar, arbeidsgjevarar, og kommunane med ansvar for busetjing og integrering av asylsøkjarar og flyktningar.

Regionrådet har på spørsmål til lensmannen i Sel og Ottadalen fått oppgjeve at det i Nord-Gudbrandsdalen årleg kan vera prat om 600-800 utlendingssaker fordelt på behandling av mellom anna opphald, familiegjenforeining, statsborgarskap og sesongarbeidskraft. Sakene blir i dag handtert av tre tilsette, stasjonert i Lom, på Otta og på Dombås.