Politiet fekk melding om eit steinskred på fv55 ved Røisheim ved 10-tida onsdag føremiddag.

I fylgje politiet er det prat om eit mindre ras som er om lag fem meter breitt.

– Låg høgde, men store steinar over vegbana. Det er ikkje meldt at nokon er direkte råka av raset, opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

Vegen er heilt sperra og det er ingen omkøyringsmoglegheiter.