Varierande temperaturar, glatt føre, vatn og vindkast kan gje krevjande forhold på fylkesvegane dei neste dagane.

– Trafikantar bør dei neste dagane berekne god tid, køyre etter forholda, halde god avstand til køyretøyet foran og ha riktige dekk, oppmodar fylkeskommunen.

Den same oppmodinga må også gjelde fjellovergangar.

Innlandet fylkeskommune har ansvaret for nær 7.000 kilometer fylkesveg rundt om i fylket, og fylkeskommunens driftsentreprenørar er førebudde på krevjande dagar.

– Entreprenørane har mannskap tilgjengeleg for å gjera fylkesvegane så trygge og framkomelege som mogleg. Likevel vil det kunne bli vanskeleg på mange fylkesvegar, seier Arne Fredheim, seksjonssjef for veg i Innlandet fylkeskommune.

Fredheim forklarar at dei viktigaste og mest utfordrande strekningane vil bli prioritert fyrst. Desse vegane vil bli brøyta og strødd oftast, men entreprenørane vil gjera nødvendige tiltak på alle fylkesvegane.

(Pressemelding)