Det er venta snø i fjellet over 800-1000 meter siste del av fredag, og laurdag. Det er sendt ut gult farevarsel for snø.

Meteorologisk institutt opplyser at snøgrensa vil variere gjennom døgnet, og at farevarselet for snø gjeld frå fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn, og nordaustover til omtrent Dovrefjell.

Gult farevarsel er moderat fare, og inneber at det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold.

– Ein må berekne noko ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar, opplyser Meteorologisk institutt.