Fjellnett melder om eit branntilløp knytta til eit bryterrom ved Tessand kraftanlegg.

Alle naudetatar er til stades, og situasjonen er under kontroll.

Politiet melder om at det ikkje er prat om spreiingsfare eller personskader, men at det siv ut giftig røyk frå høgspentrommet. Dei oppmodar folk som bur i området til å halde vindauge, lufteluker og dører lukka.