Det var ved 1-tida natt til onsdag at politiet fekk melding om ein einsleg bil som hadde køyrd utfor Rondanevegen ved Pælhauglykkja i Sel kommune.

Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyser at det ikkje var personskade, men at det er mistanke om at føraren var rusa.

– Politiet mistenkjer ein person for ruspåverka køyring. Vedkomande, ein mann i 30-åra med lokal tilknyting, er framstilt for bevissikring, opplyser politiet.

Det er oppretta sak.