Utlånsrenta vil stå uendra til personkundar, og ein set opp renta på nokre spareprodukt.

– Vi held utlånsrenta uendra, fordi vi ser at dei mange renteaukene som har vore, har skapt utfordringar for svært mange. Vi har heller ikkje sett den fulle effekten av den førre renteheving ennå. Vi håpar derfor at vi ved å ikkje heve renta denne gongen, gjev kundane våre eit pusterom, heiter det i ei melding frå Fjellbanken.