Det er mange år sidan mjølkerampene i Ottadalen gjekk ut av bruk, og det blir stadig færre å sjå langs vegane i distriktet ettersom dei fell saman eller blir fjerna.
Dei fyrste mjølkerampene kom da ein byrja med transport av mjølk til ysteria med lastebil. Det var behovet for å lempe mjølkespanna av og på lastebilane som gjorde at mjølkerampene vart bygd.
Mjølkerampa som står ved fylkesveg 51 i oppkjøringa til Synstlia, vart verna av Oppland Fylkeskommune i 2011.
Denne mjølkerampa vart sett opp i samband med at Vågå ysteri vart sett i drift i 1937, og mjølk frå gardane i grenda skulle fraktast dit. Det var cirka 20 gardar som brukte mjølkerampa dagleg. Bilvegen frå mjølkerampa og opp i grenda vart bygd mange år seinare. Gardbrukarane måtte difor køyre mjølka med hest eller trillebår ned til rampa.
I likskap med mange andre mjølkeramper rundt om i bygde-Noreg, var rampa ein viktig sosial møteplass for folk i grenda.
Mjølkerampa sin funksjon vart borte da tankbilane kom og overtok transporten på 1970-talet. I dag står mjølkerampa som eit symbol på samfunnsutviklinga og eit stykke norsk landbrukshistorie.